Desember varm og våt i nord og snøfattig i sør

(Estimert lesetid: 2 minutter)

Det ble i desember sett 22 rekordar for høg månadstemperatur.

Det kom 25 prosent meir nedbør enn normalt, og månaden vart difor den 9. våtaste desembermånaden som er registrert i måleserien som går attende til 1901, melder Meteorologisk institutt i ein pressemelding.

Den høgaste temperaturen vart registrert i Tafjord den 15. desember: 17,6 grader.

– Månaden føyer seg inn i rekka av milde vintermånader dei siste åra. Dette forventar vi meir av i åra som kjem grunna den menneskeskapte globale oppvarminga, seier klimaforskar Jostein Mamen.

Det ble i tillegg sett 22 rekordar for høg månadstemperatur.

Varm desember i Sør-Noreg

I Nord-Noreg var månaden for det meste «Normal, mild» og «Varm». I Sør-Noreg var måneden i all hovudsak «Svært varm» med innslag av nokre «Varme» og «Ekstremt varme» område.  

Dei varmaste stasjonene var:

  • Ytterøyane fyr (Kinn, Vestland) 7,9 °C (3,0 °C over normalen) 
  • Røvær (Haugesund, Rogaland) 7,6 °C (3,2 °C over normalen) 
  • Utsira fyr (Utsira, Rogaland) 7,5 °C (2,9 °C over normalen) 
    • Slåtterøy fyr (Bømlo, Vestland) 7,5 °C (2,9 °C over normalen) 
    • Fedje (Fedje, Vestland) 7,5 °C (3,1 °C over normalen) 
    • Svinøy fyr (Herøy, Møre og Romsdal) 7,5 °C (2,4 °C over normalen)

Dei kaldaste stasjonene var:

  • Karasjok – Markannjarga (Karasjok, Finnmark) -12,1 °C (0,1 °C under normalen) 
  • Kautokeino (Kautokeino, Finnmark) -11,6 °C (0,2 °C over normalen) 
  • Sihccajavri (Kautokeino, Finnmark) -10,8 °C (likt med normalen)
    • Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) -10,8 °C (0,6 °C over normalen)

Mindre snø i sør

Ved utgangen av månaden var det store områder i Sør-Norge som hadde mykje mindre snø enn normalt. Trøndelag og Nord-Norge fekk meir snø enn normalt. 

På landsbasis fall det 25 prosent meir nedbør enn normalt, og månaden vart den 11. våtaste desembermånaden som er registrert i måleserien som går attende til 1901. 

I Nord-Norge var desember stort sett «Normal», for det meste på den våte sida, men delar av Finnmark hadde ein «Ekstremt våt» månad.

Dei våtaste stasjonane var: 

  • Kvineshei – Sørhelle (Kvinesdal, Agder) 568,6 mm (84 % mer nedbør enn normalt) 
  • Flekkefjord (Flekkefjord, Agder) 560,0 mm (113 % mer nedbør enn normalt) 
  • Gullfjellet (Bergen, Vestland) 558,4 mm (10 % mer nedbør enn normalt)

Gjennomsnittet av største månadsnedbør i desember i normalperioden 1991-2020 er 549 mm.

Soloppgang over Sande i Vestfold. Foto: Vilde Jagland / Meteorologisk Institutt / pressmelding

Dei tørreste stasjonene var:

  • Skjåk II (Skjåk, Innlandet) 13,7 mm (47 % mindre nedbør enn normalt) 
  • Skjåk (Skjåk, Innlandet) 18,9 mm (43 % mindre nedbør enn normalt) 
  • Otta – Skansen (Sel, Innlandet) 19,3 mm (ingen normal ennå) 

Største døgnnedbør var 97,0 mm, og vart registrert den 15. på Kvineshei – Sørhelle (Kvinesdal, Agder). Gjennomsnittet av største døgnnedbør i desember i normalperioden 1991-2020 er 116 mm.

Varmt i Arktis

I Arktis ble Jan Mayen den varmaste stasjonen i desember med ein gjennomsnittstemperatur på 0,4 grader, som er 2,9 grader over normalen. Saman med åra 1984 og 2002 er det den 3. varmaste desembermånaden på stasjonen i måleserien som går attende til 1921. 

Jan Mayen målte også månadens høgaste maksimumstemperatur i Arktis. Den 25. desember ble det målt 7,1 grader på stasjonen.

About Team Villspor

Editorial Team / redaksjon Magasinet Villspor
View all posts by Team Villspor →