Padlefestival UNG 2021: Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Herøy kajakklubb arrangerer for tredje året på rad padlefestival for ungdom.
På Sunnmøre friluftsråds sier heter det: I år blir festivalen større enn nokon gong tidlegare med grunnkurs, teknikkurs og opne kveldar på Eiksund (Ulstein) og Jensholmen (Herøy).
Padlefestivalen er for alle mellom 13-18 år: Padlefestivalen vert gjennomført med spelemidlar til barn og unge gjennom Friluftsrådenes Landsforbund og med støtte frå Møre og Romsdal fylke.
Alle kurs og aktivitetar i padlefestivalen er difor gratis.
På kurset får du lære korleis du effektivt manøvrerer ein kajakk og korleis ein skal planlegge og gjennomføre ein sikker padletur i ei gruppe. Du vil og få innføring i eigenredning og kameratredning. Etter kurset får du våttkort med oblat frå Padleforbundet. Grunnkurs hav vert ofte krevd om du ynskjer å leige kajakk både lokalt og nasjonalt. Kursa er gratis og inkluderer medlemskap i Herøy kajakklubb ut året!
Padlefestivalen dag for dag:
- Måndag 21.juni
- Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
- Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
- Open kveld på Eiksund – kom og prøv om du likar kajakk!
- Tysdag 22.juni
- Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)
- Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)
- Onsdag 23.juni
- Open kveld på naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen
- Torsdag 24.juni
- Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 1 av 2)
- Fredag 25. juni
- Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 2 av 2)