Møre og Romsdal: Gratis padlefestival for ungdom. Grunnkurs og teknikkurs.

> Lesetid: < 1 minutt <

Padlefestival UNG 2021: Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Herøy kajakklubb arrangerer for tredje året på rad padlefestival for ungdom.

Sunnmøre friluftsråds sier heter det: I år blir festivalen større enn nokon gong tidlegare med grunnkurs, teknikkurs og opne kveldar på Eiksund (Ulstein) og Jensholmen (Herøy).

Padlefestivalen er for alle mellom 13-18 år: Padlefestivalen vert gjennomført med spelemidlar til barn og unge gjennom Friluftsrådenes Landsforbund og med støtte frå Møre og Romsdal fylke.
Alle kurs og aktivitetar i padlefestivalen er difor gratis.

På kurset får du lære korleis du effektivt manøvrerer ein kajakk og korleis ein skal planlegge og gjennomføre ein sikker padletur i ei gruppe. Du vil og få innføring i eigenredning og kameratredning. Etter kurset får du våttkort med oblat frå Padleforbundet. Grunnkurs hav vert ofte krevd om du ynskjer å leige kajakk både lokalt og nasjonalt. Kursa er gratis og inkluderer medlemskap i Herøy kajakklubb ut året!

Padlefestivalen dag for dag:

  • Måndag 21.juni
  • Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
  • Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
  • Open kveld på Eiksund – kom og prøv om du likar kajakk!
  • Tysdag 22.juni
  • Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)
  • Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)
  • Onsdag 23.juni
  • Open kveld på naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen
  • Torsdag 24.juni
  • Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 1 av 2)
  • Fredag 25. juni
  • Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 2 av 2)
Merk: Dette innholdet ble publisert for 3 år siden. Fjell endrer seg lite på den tiden, men åpningstider og bussruter kan gjøre det. Bare for å ha nevnt det.

About Team Villspor

Editorial Team / redaksjon Magasinet Villspor
View all posts by Team Villspor →